Ingjerd Monsen Hjelmeland

  Strikka, har ein ikkje gjort det heilt frå den gong då Eva spann og Adam pløgde? Nei, strikkinga er ikkje så gammal som ein skulle tru. Arbeidsmåten vart utvikla i Midtausten ein gong kring tusentalet, og her til lands kom den kring eit halvt tusen år seinare. Dei fyrste plagga kom som import. Men strikkekunsten spreidde seg og vart ein del av det daglege gjeremål i hus og heim. 
Det er denne tradisjonen Ingjerd Monsen Hjelmeland fører vidare. I arbeidet nyttar ho strikkemaskin og moderne teknologi. Ho er vidareførar i den forstand at ho har lagt seg til ein eigen arbeidsmåte. Den er tidkrevjande og innfløkt, men og naudsynt for å få fram den verknad ho vil ha i arbeida sine. 
 
 
Penelope, dronninga til Odysseus, sat om dagen og vov. Når kvelden kom, rekte ho opp att veften. 
Om Ingjerd strikkar og ikkje vev, så kan ho likevel ikkje halde seg i frå å rekkje opp at sit verk. Når ho vel har strikka eit stoff og farga det i den let og mønster det skal ha, så rekkjer ho maskane opp att. Då er det på ny å spole den strikka tråden, for så å strikke den på ny. Men ulikt Penelope som aldri vart ferdig med veven sin, gjer Ingjerd seg ferdig med det ho set seg føre. Vi treng ikkje alle fylgje tidskravet som seier: "dess snøggare dess betre, dess fleire dess betre. Kvifor ikkje bruke tid. Bruke den tida som det skal til for å skape nett det ein vil ha fram. Bruke tida ein treng til hente fram den rikdomen av fargespel som ligg i tråden. Det som skal verta eit levande skiftande lysspel i det ferdige plagget. Det ligg ein kvalitet i det at det er brukt tid. For den som brukar tid, gjev venleik og glede. Her følgjer kunsthandverkaren den store tradisjonen. Det som er av overskot, skal du taka ut i venleik og glede. 

Fridtjov Urdal

 

 


sist oppdatert 19.10.2007